Bra oppmøte på vinteroløp

Postet av Melhus IL - Orientering den 13. Feb 2020


Hanne og Hanna inn mot samleposten i elgstien.

Reidun og Gunleiv hadde både o-løp og innetrening onsdag kveld.

Heile 13 løparar var ute og fann postar på onsdag kveld. Ei kort løype på 2,3 km og ei litt lenger på 4,4 km i bustadområdet på Brekkåsen. Stort sett var postane tilgjengeleg frå brøyta veg, med eit par unntak på langløypa. Litt trening på vegval vart det - også for den som er godt kjent blant dei mange stiane og vegkryssa på Brekkåsen.

 Gode løpstider, og framfor alt flott innsats, frå alle generasjonar løparar. Tydeleg at folk gler seg til o-sesongen - det lovar godt!


Signe har stemplet og drar ut på neste strekk,mens

Erik kommer inn og stempler.

John studerer neste strekk etter stempling.

Kristoffer hadde en av kveldens kjappeste løpsider.

Her er et stemningsbilde fra Elgstien. Om det ser ut til at det er venting, så venter vi ikke på Gjermund Eggen!



Då alle var vel tilbake og hadde fått att pusten vart det ei god økt med sirkeltrening i gymsalen. Snittalderen var nok noko høgare her enn på o-løpet, men like fullt; veldig triveleg!

 

Takk for i kveld!




0 Kommentar

Kommentarer

Kommentarfelt er stengt

Levert av IdrettenOnline