Godt oppmøte på måneskinnstur onsdag kveld

Postet av Melhus IL - Orientering den 22. Nov 2018



Heile 13 spreke løparar var ute og leita etter o-postar denne novemberkvelden, og alle kom i mål med gode løpstider. Om det var barfrost og måneskinn, eller godt innøvde orienteringskunnskapar frå sommarsesongen, som gjorde at så mange fann postane er uvisst – men sikkert er det at innsatsen og humøret var på topp hjå samtlege løparar.



Familien Gylland etter sitt løp. Amalie med nytt kompass og brikke for anledninga.

Eivind helt utpæsa etter at mellomløypa var unnagjort.


Ein triveleg kveld med tre løyper med varierande lengde og vanskegrad. Nybyrjarløypa gjekk i byggefelt- og lett skogsterreng på Brekkåsen, mens langløypa strekte seg over bekk, myr, ås og pløgde jorder i kjent terreng frå Brekkåsen over Hollumsåsen og nesten til Lete. Kjente omgivnader for mange, men fleire kommenterte i etterkant at post 13 låg på ein stad dei aldri hadde funne nokon post før. Fint var det også at ingen drog på seg ankel- og hoftebrot under ivrig galopp over teleklumpar og djupe aurfårer.


Ei hodelykt (og en løper også?) på vei inn til sistepost


Etter styrkeøkt med sveitte og bra innsats i gymsalen var det duka for kveldens høgdepunkt: Feiring av halvrundt år for vår kjære eldsjel Eivind! Hege diska opp med kaker, saft og kaffi, og ikkje minst nokre gode ord til jubilanten. Ho overrekte også O-boka for 2018 som ei helsing frå orienteringsgjengen på Melhus. Me set stor pris på den utrøyttelege innsatsen din, Eivind! Her må også nemnast at friske bananer og julegodt frå Kåre, samt nytrakta kaffi frå Martin sette ein ekstra spiss på kvelden. Ei hyggeleg feiring på tjukkasen vart det!



Full strekk og innsats!



Eivind har i diskusjon med kveldens løypeleggere og leder av sirkeltrening og uttøying Reidun og Gunleiv.

Til høyre sitter Johannes og memorerer sitt løp i Hollumsåsen.


Løpstider for kvelden ligg på Brikkesys: http://brikkesys.no/result.php?id=3092




Kommentarer

0 Kommentar

Kommentarfelt er stengt

Levert av IdrettenOnline